Ås Husflidslag roses for koronadugnad

  09.09.2020 Kl. 22:20  

Ås husflidslag vart kort tid før påske kontakta av representantar frå Ås kommune med spørsmål om laget kunne vera med på å organisere og sy smittevernfrakkar til bruk i helsevesenet i kommunen. Det var stor manko på smittevernfrakkar,behov var over 300 frakkar.

Dette måtte me jo berre stille oss positive til – i forvissing om at me hadde medlemmar som både kunne og ville stille opp på dugnaden.

Grethe Johnsen frå Frivilligsentralen i kommunen gjorde ein stor innsats med å skaffe stoff til frakkane og kjøpte inn fleire hundre meter stoff og anna utstyr. Me fekk tilsendt eit par mønster som me etter prøvesying modifiserte før me gjekk i gang med klipping og pakking av materialpakkar á fem frakkar.

I første runde vart det sydd ca. 70 frakkar og når prosjektet var over hadde medlemmar i laget og andre frivillige i kommunen produsert rundt 280frakkar som kan vaskast og brukast om og om igjen.

Det var ikkje vanskeleg å få folk til å delta. Nokre sydde 3, mange 5, fleire tok 10 og nokre over 20 frakkar. Det var ikkje få kjøkken, kjeller- og loftstover som vart gjort om til systover medan det stod på. Mange ga uttrykk for at det var godt å få gjera ein innsats for fellesskapet i denne tida. For oss som stod for klipping, pakking og distribusjon var det fint å kome seg ut i lovleg ærend i ei heller stille periode.

I tillegg til Ås Husflidslag deltok Atelier Norderås med Berit Steene Eriksen i spissen og leverte rundt 60 frakkar.

I Ås avis den 30. april takkar ordføraren slik:

Ordfører Ola Nordal sier til Ås Avis at kommunen er takknemlig for alle smittevernfrakkene og all innsatsen frivillige har bidratt med så langt under koronakrisen.

– Smittevernfrakkene har blitt tatt veldig godt imot. På vegne av Ås kommune viljeg si tusen takk til alle de som har stått på og jobbet med dette.

– Kommunen er avhengig av den type engasjement for at Ås skal bli et bra sted, sier Nordal.

Me i Ås husflidslag satsar på at laget med dette har knytt fleire kontaktar og band til kommunen som begge partar vil nyte godt av, og gjera Ås til ein ennå betre stad å bu.

Ingeborg Hauge Høyland

Ås, 27.05.2020.

Se bilder her:

Koronadugnad i Ås Husflidslag


Vis alle nyheter